23948sdkhjf

Retro - en fast spalte i Anleggsmagasinet: Eit iskaldt pionérprosjekt

Mauranger kraftverk i Hardanger er ikkje av dei største, men var til gjengjeld eit av dei mest avanserte og kompliserte å byggja ut i si tid.

AV: MARIT BLEIE MANNSÅKER, NORSK VASSKRAFT- OG INDUSTRISTADMUSEUM

Inkludert i anlegget er det subglasiale inntaket i Bondhusbreen. Dette var bortimot eineståande i sitt slag, ikkje berre her til lands, men i heile verda. Regulering av brevatn gjev god «tørrårs-sikring». Det vil seia at i varme somrar og lange tørkeperiodar, aukar mengda av smeltevatn frå fonna. Det gjev god oppfylling i magasina.

Folgefonna

«Folgefånnen, hun er nu så fin, ligger som en jomfru i skære lin», deklamerer Peer Gynt i innleiinga til femte scene. Som del av det nasjonalromantiske biletet har Folgefonna til alle tider vore beundra av fastbuande og turistar. Men på 1970-talet kom det ingeniørar som såg på fonna med nye auge, og vurderte verdien ut frå kraftproduksjons-prinsipp.

Bondhusbreen, ein arm av Folgefonna, strekkjer seg langt ned i Bondhusdalen. Sidan ei mektig breelv kom ut av breporten lenger nede, dreiv Statskraftverkene (no Statkraft) i fleire år leiting etter det vatnet som dei visste måtte vera under isen. Planleggarane tok utgangspunkt i den enklaste løysinga, nemleg at vatnet rann på det djupaste partiet under isen, der fjellforma sannsynlegvis var ein U-forma dal. Etter første vinteren gjekk dei bort frå denne enkle problemstillinga. Det såg nemleg ut til at vatnet valde sine eigne vegar, og til og med nye for kvart år, avhengig av trykk og rørsle i isen.

Nasjonalt nybrotsarbeid

Når det gjaldt å finna vassvegane under så store ismassar, hadde ein ingen erfaring her i landet. Statskraftverkene innleia difor eit samarbeid med franske EDF (Électricité de France), som hadde arbeidd med breinntak i Chamonix-området i fleire år. Leitinga starta sommaren 1972, og i løpet av dei seks åra det tok å finna vatnet, blei mange metodar prøvd. Forsøk med kartlegging av topografien under breen ved smelteboring frå breoverflata viste seg relativt mislykka.

Ein forsøkte å lytta seg fram med geofonar for å registrera lyden av rennande vatn, og det blei føreteke seismiske målingar. Heller ikkje dette førde fram. Prøvesjakter drivne opp under isen gav berre usikre vassførekomstar. Slik fortsette leitinga fram til 1977. Ein var då nær ved å gje opp håpet, men det blei vedteke at ein skulle gjera eit siste systematisk forsøk.

Gjennombrot!

Frå ein tunnel som var driven på tvers under heile isen, blei det føreteke nøyaktige sonderboringar i vifteform ut frå utstrekte fastpunkt. Dermed fekk ein nøyaktig profil av topografien under breen. Alle sonderboringshola blei nummererte, og vassføringa i disse hola blei dagbokførde over lengre tid. Ved å sleppa salt i Holmavatn, som ligg ovanfor breen, og måla graden av leiingsevne til vatnet i sonderboringshola, kunne ein finna igjen vatnet frå Holmavatn i tverrtunnelen. Der vatnet frå Holmavatn blei registrert, vart det bora ein svakt skrånande tunnel, og vinteren 1978 blei denne driven ut under isen.

Ved hjelp av ein fyrkjele som gav 40-50 grader varmt vatn og damp, smelta ein leitetunnelar i begge retningar i isen. Ein fann så eit reinskurt leie i fjellet der det rann ein liten bekk som var større enn vinteravløpet frå Holmavatn. Seks års leiting blei dermed betalt med suksess. Tunneldrifta starta i 1978, og det har seinare vist seg at elveleiet er stabilt. I ettertid ser ein at mykje av arbeidet var unødvendig og førde ikkje fram til noko løysing, men sluttresultatet var vellukka og tilfører anlegget eit svært verdifullt tillegg.

170 meter tjukk is

Elva vart no fanga inn til inntaksmagasinet for Mauranger kraftverk. Vatnet gjekk gjennom ein tunnel som vart driven i fjellet under brearmen, ca. 900 meter over havet. Fjelltaket mellom tunnel og breen varierer med forma på dalbotnen der brearmen langsamt «flyt» nedover frå 10 til 35 meter per år. Over fjellet er det 170 meter tjukk is. I denne isdekka dalbotnen renn fleire vassløp som dannar elva lengre nede. For å få tak i desse, er det drive fire sjakter gjennom fjellet og oppunder isen.

Dei som deltok i leitinga kunne ikkje vera plaga med klaustrofobi der dei i timevis av gongen arbeidde seg framover etter kvart som isen vart smelta. Johan Flatebø, som var med då gjennombrotet var eit faktum, fortel i eit intervju med Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum: «Då eg skulle ut igjen etter å ha vore i fire timar inne i smeltetunnelen, hadde isen bak meg grodd saman og eg måtte snu meg andre vegen for å koma meg gjennom.»

Tilsynelatande ligg Folgefonna like fin og jomfrueleg som Henrik Ibsen såg ho for 150 år sidan, men under overflata gøymer det seg no tunnelar og sjakter, og moderne installasjonar til kraftproduksjon.

Kommenter artikkelen
Anbefalte artikler

Nyhetsbrev

Send til en kollega

0.094