Lindås kommune

Publisert Oppdatert

Fra Lindås kommune sakser vi:

Utbyggingsavtale i Lindås kommune - Offentleg ettersyn

Plan og miljøutvalet i Lindås kommune har i møte 10.06.2009, sak 167/09 vedteke å kunngjere utbyggingsavtale for bustadfeltet Leiknes - Midtgård (Fjordglytt), gnr. 196, bnr. 14.

Det vert med dette kunngjort at det er framforhandla utbyggingsavtale mellom Lindås kommune og R.S. Bygg og Entreprenør AS, i samband med planlagt utbygging på Leiknes.

Framlegg til utbyggingsavtale er gjort i medhald av plan- og bygningslova sin § 64c, og skal vera styrande for den vidare feltutbygginga innanfor reguleringsplanen.

Offentlege instansar, samt grunneigarar/naboar som vert råka av tiltaka vil få særskilt varsel.

Dokumenta ligg til offentleg ettersyn i perioden frå 29.06 - 03.08.2009 på rådhuset i Knarvik.

Merknader til avtalen må sendast Lindås kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, eller epost, innan 03.08.09.