Fjerner gangfelt

Kunnskapen om at gangfelt ikkje er så trygt for fotgjengare som ein skulle tru, er ganske ny. Forskning viser at på strekningar med gangfelt auker i snitt ulykker med 20 til 30 prosent. Årsaka er at gangfelt gjer fotgjengere falsk trygghet.

Publisert Oppdatert

- Gangfelt er eit fremkommelighetstiltak og ikke et sikkerhetstiltak. Eg er redd det er plassert gangfelt på stader hvor fartsnivået er for høgt, seier seksjonleder i Statens vegvesen Eddie Westad til NRK.

Mange drepne

Tal frå dei siste åra, viser at 40 prosent av fotgjengare som er drept i det dei krysser ein veg, blei drepne i gangfelt. Statens vegvesen er skeptisk til å anlegge nye gangfelt, og nå skal alle gangfelt i 60-soner i Sør-Rogaland sjekkast.

- Det gjeld fleire hundre kilometer riksvei og fylkesvei. Men vi meiner det er verd innsatsen. Når vi ser på ulykkesstatistikken dei siste åra mener vi det er mye å henta, seier Westad.

For høg fart

Reglane seier at det ikkje er lov å anlegga gangfelt på strekninga der fartsgrensa er høgare enn 60. Men Westad seier at dersom ein bilist skal ha full oversikt ved eit gangfelt, bør vera 40 eller lavare.

- Vi legg ikkje gangfelt før trafikkmengda er så stor at det er vanskeleg å kome over vegen. Enkelte stader er farten så høg at vi ikkje kan anlegge gangfelt.

Vegvesenet vil bruke resten av året på arbeidet, og vurderer og å sjekke alle 50-sonene etter det.

- Vi rekner med at vi kjem til å fjerne ein del gangfelt. Vi vil heller at folk skal krysse vegen og føle seg utrygge, men ha mindre reell risiko.