Ein kronikk om Samferdselspartiet

POLITIKK: Terje Nygård kommer i denne kronikken med diverse lesverdige tanker om politikk og transporten i Norge

Terje Nygård på arkivfoto fra noen år tilbake.
Terje Nygård på arkivfoto fra noen år tilbake. Foto: Frode Tellevik
Publisert Oppdatert

I det siste har korsfesting og polarisering blitt skikkelig på moten. I USA har dei kampen som republikanerane og demokratane har i mot kvarandre, pluss #MeToo.

I Storbritannia har dei brexit som vil ut av ein alt for streng Eurounion. I Frankrike har dei Marine Le Penn som vil ha Russland som sin nærmaste partner. Medan resten av verda prøver å lande etter at Versaillestraktaten blei innført etter 1 verdenskrig.

Her heime har moten smitta over, og vi har «korsfesta» nokre politikarar. Vi har polarisert høgresida i frå venstresida. Noko som har gitt sentrum den reelle makta i Stortinget, representert med parti som nesten ingen har stemt på.

Minoriteten har dermed blitt majoriteten med andre ord. Eit so kalla sosialdemokrati.

Ein kan aldri forutsjå kva slike koalisjonar kokar seg fram til av politikk. Hittil har det ført til veldig mykje rart, syns i allefall eg. Det som går igjen er krangling, stridigheiter og kompromiss. Og det heile blir uoversiktlig, vanskelig og utrygt for mange bedrifter, arbeidsplasser og prosjekter.

Dette har fått meg til å tenkje om det finst ein veg utanom. Kva med å danne eit nytt politisk parti i Norge. Samferdselspartiet
Terje Nygård

Måten vi til no har organisert oss på, har etter mi meining berre blitt so feil. Heile nasjonen har blitt ein gjeng med sutrepavar, ute etter å korsfeste nokon. Og alle med makt i sin stilling, har blitt programfesta til kva dei får lov til å meine offentlig. Ein passer på kvarandre etter kinesisk modell. Dette med at forvaltninga berre er ein gjeng med nikkerar, fører ikkje fram til gode resultater for nokon.

For dei av oss som ikkje ønskjer at det skal gå 40 år å bygge trygge vegar, gode ramme­betingelser, rettferdige lover og samfunn der alle er fornøgde, må leve i ein utopi.

Vi kan sjå at mange i frå makteliten ynskjer å ytre seg, men det er først etter dei har pensjonert seg, eller på andre måtar har tredd ut av stillingane sine. Då først kjem bøkene, kronikkane og biografiane.

Vi har med andre ord knebla oss sjølve i det offentlige rom.

Dette har fått meg til å tenkje om det finst ein veg utanom. Kva med å danne eit nytt politisk parti i Norge. Samferdselspartiet.

Tanken bak, er at dette partiet er eit samlande parti utan politiske motpolar og spenningar.

Uansett kven eller kvar du høyrer til, så kan du utan frykt stemme, og din stemme vil gå til samferdsel og bygging av ny infrastruktur.

Dette partiet tilhøyrer alle som er opptatt av at landet skal fungere både til land, i sjø og i lufta. At ressursane vi har blir brukt, og makta blir omorganisert vekk frå Stortinget, over til moderne systemer.

Eg veit at kritiske stemmer vil seie at dette har vi prøvd før med Kystpartiet eller Helsepartiet, utan hell.

Men dette er noko heilt anna. Det er langt i frå ei sak, at alle treng transport, vegar og skinner som er raske, og som er trygge å køyre på, at alle treng arbeid, straum, olje og varer.

Samferdselspartiet skal sørge for at bilen ikkje blir ei melkeku for å finansiere over­betalte politikarar og byråkrater.

Samferdselspartiet skal samarbeide med ALLE som vil oss godt.

Så til slutt får eg håpe at nokon tenner på ideen. Det trengst i alle fall mange medlemmer og ressurspersoner om det i det heile skal bli noko av. Det skal lagast medlemsliste og partiprogram.

I mellomtida får eg smykke meg med tittelen medlem nr 1. Og kanskje det blir kun med det. Hugs at gjer du som du alltid har gjort, så blir du som det alltid har vore.

Mvh Terje Nygård, Stryn