23948sdkhjf

Stengde vegar, snøv, trafikkulykker, fandenskap og problemer

Leserbrev til samferdselsminister Jon Georg Dale.

INNLEGG FRA TERJE NYGÅRD, STRYN:

Til samferdselsminister Jon Georg Dale

Eg såg på programmet "Debatten" på NRK.

Veldig bra at slikt kjem opp.

Her kjem det fleire innspel.

Dei som har køyrt tung bil i Norge på vinterstid lenge nok, veit at ein normalt treng 10 sesonger for at ein for egen del har rutine nok i kroppen til at ein kan ferdast rundt i landet vårt problemfritt.

Problemer vi møter på ute på vegane, der utlendingane har flest syndarar, har derfor ingen "kvikk fiks".

Dette kan vi sjå på dei som har for ein billig penge overtatt fisketransporten som skal ut av landet vårt. Dei har tilpassa materiellet noko bedre enn før, men slit enda noko med køyreferdigheitene, enda dei har helt på med jobben i over 10 år." No problem" seier dei sjølve. Det kan vi alle sjå ikkje stemmer!

På grunn av mange stygge trafikkulykker i dei siste vekene, er det i frå myndigheitene sin side, sett i gong med ein stor kontrollvirksomheit der trafikkfarlige doninger skal stansast for vidare trafikk. Og mange har fått køyreforbud.

Dette er naturlegvis veldig bra, men det fiksar ingenting av sjølve problemet. Dette blir som at eg melder meg på VM i dans, berre fordi eg har armar og bein.

Om ein skal lykkast, er ferdigheter, lokalkunnskap, faglig kunnskap, køyrekondisjon, trening og rutine ein forutsetning, også i transport.

Men det må også stillast krav til køyretøyet. Dei fysiske lovene krever sitt på glatt underlag. Og her ligger tyngdekrafta øverst, og går foran både marknadskrefter, handelsavtaler, lover og regler.

Det hjelper derfor ingenting med krav til dekk, kjetting og kontrollregimer, dersom ekvipasjen ikkje er riktig bygd.

I Norge følger vi EU sin stander, noko som ikkje er vel nok dersom ein skal kome seg fram på glatt underlag problemfritt. I Norden har vi både 50 og 60 tonn totalvekt på ekvipasjane våre.

Lenger syd har dei 40 tonn totalvekt. Likevel lasta dei nesten like mykje nettolast som oss, fordi vi i Norden har 5 tonn meir stål i ramma enn dei i sør og aust Europa har. Og medan vi køyrer etter vegen, har vi knapper inne i bilen som vi kan omfordele vekt etter behov mellom aksingane.

Dette kan ikkje utlendingane gjere på grunn av EU sitt regelverk, og når dei mangla 5 tonn med stål i ramma sin, vil det bli kollaps med løfteakslinger.

I tillegg vil bilen legge seg meir sidelengs i kurvene, den blir med last mjuk i konstruksjonen, og den vil vri seg etter terrenget. Farten må derfor ned sammenlikna med dei nordiske lastebilane som på grunn av ingrediensane er mykje bedre på køyreegenskapane .

Det er ein pest og ein plage å ligge bak disse utlendingane. Dei manglar ein "sleppe forbi kultur", og ofte er vi utan muligheit til å køyre forbi.

Der er ein tommeltottregel som seier at dersom du skal kome opp ei stigning på 10 % på glatt underlag problemfritt, må den akslingen som drar vere like tung som det som skal dragast (er tilhengeren 20 tonn må drivaksel også vere det)), dette både med og utan kjetting.

Ein toakslet trekker i fra Syd-Europa, har når den er utlasta 13 tonn på drivhjul og 24 tonn fordelt på tilhengerhjul. Det same misforholdet mellom bil og henger har den også når den er tom.

På grunn av tyngdekrafta og fysiske lover , så kjem ikkje eit slikt køyretøy seg fram på glatt underlag problemfritt.

Ein annen ting er kunnskap til lasting og lossing, der av også riktig vektfordeling og sikring av last.

EU har organisert seg slik at utenlandske sjåfører sjeldan deltar på lasting og lossing i heimlandet sitt, og når dei kjem til Norge , så skal dei plutselig begynne med ting dei ikkje har trening med til kvardagen, og resultatet er ofte feil vektfordeling, usikret last, utforkøyring, kollisjon og stengte vegar.

Den einaste løysinga på problemet, slik eg ser det, er at vi melder oss ut av EØS avtalen eller tar opp med EU at biler som kjem utanfor Norden i framtida ikkje får ferdast fritt i Norge vinterstid. Dersom ikkje, må vi leve med ulykker og stengde vegar i all framtid.

Sjåfør-yrket er eit lavstatus-yrke ikkje berre her i landet, men også i utlandet. Derfor er køyreferdigheitene til dei som k øyrer ofte dårleg stilte, ikkje berre om vinteren, men året rundt. Dei manglar kunnskap til å køyre på lave gir nedoverbakkar, og mangler retarder (hjelpebrems).

Eg køyrer rundt ein del på motorsykkel om sommaren, og opplever overoppheta bremser på møtande busser,lastebiler og bubiler frå utlandet som eit stort problem. Det lukter svidde bremser overalt. Og ofte svært graverande. Her er det veldig mykje flaks at det likevel går bra.

Eg snakka med ein restauranteigar på Lemonsjøen, og han sa at han opplever dette kvar einaste dag på vegen ned til Tessand.

Lykke til på ferden alle saman.

MVH Terje Nygård,Stryn

Kommenter artikkelen
Anbefalte artikler

Nyhetsbrev

Send til en kollega

0.095