23948sdkhjf

Nettbuss seier nei

Nettbuss seier nei til kontraktstilboda om rutedrift i Møre og Romsdal fram til 2012. I eit brev til fylket skriv Nettbuss at selskapet ikkje kan akseptere den økonomiske risikoen som ligg i kontrakten.

- Dette betyr at vi nå vil legge fram ei ny sak for samferdselsutvalet 8. oktober, der vi redegjør for situasjonen og kva alternativ som nå føreligg, seier samferdselsdirektør Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylke.

Fylket har gjeve Transportbedriftenes Landsforeining avdeling Møre og Romsdal (TL) og dei åtte selskapa fylke har kontrakt med, tilbod om nye kontraktar frå 1. januar 2009 med ei lengd på fire år og med opsjon på ytterlegare 1+1 år.

Kontrakten gjelder rett og plikt til drift av ordinære bussruter samt skoleskyss. Verdien på kontrakten er for 2009 på totalt 230 millionar kroner. Nettbuss sin del av kontrakten utgjer om lag halvparten av dette.

Kommenter artikkelen
Anbefalte artikler

Nyhetsbrev

Send til en kollega

0.125