"Rassikring, no!"

Publisert Oppdatert

Møre og Romsdal SV kommer med denne appellen:

Rassikring av Oppdølsstranda no!

Det store steinraset i Oppdølstranda i Sunndal aktualiserer og understrekar på ein dramatisk måte behovet for ei skikkeleg rassikring av denne strekninga med éin lang tunnel snarast.

Representantskapen i Møre og Romsdal SV vil at løyvingane til rassikring blir auka monaleg, og kjem opp i minst 1 mrd per år.

Maset frå høgresida om stadig nye firefelts motorvegar på flate Austlandet må ikkje ta fokuset vekk frå rassikring, anna trafikksikring og vedlikehald av eksisterande vegar (redaktørens utheving).

Satsing på jernbane er òg viktig, men gjeld ikkje over alt. Rassikringspotten må no aukast!

Møre og Romsdal SV ber òg regjeringa kome med ei ekstraordinær løyving til lang tunnel i Oppdølsstranda, så arbeidet med denne livsviktige rassikringa kan starte straks.