23948sdkhjf

Dyrsku’n 2021 avlyst

På bakgrunn av helhetsvurdering av situasjonen knyttet til Covid-19, vurderer Dyrsku’n i samråd med kommuneleiinga at det er umulig å gå videre med planleggingen av et så stort arrangement som Dyrsku’n, opplyser arrangørene i dag. Dyrsku’n 2021 blir derfor dessverre avlyst.

FOLKEKJÆRT ARRANGEMENT: Daglig leder Geir Helge Espedalen har i formiddag sendt oss denne meldingen:

"Som ansvarleg arrangør kan vi av omsyn til alle partar tilknytt Dyrsku’n ikkje utsette avgjerda lengre. På noverande tidspunkt er det diverre ei altfor stor uvisse til gjennomføring for alle dei tusenvis som bidreg til Noregs største folkefest. For oss er det avgjerande med eit arrangement i kjent drakt, noko som er umogleg i gjeldande situasjon.

Innhaldet i Dyrsku’n er summen av mange bidragsytarar sin innsats, og denne avgjerda påverkar mange. Dyrsku’n kjem attende i 2022, med eit meir rikhaldig program enn nokon gong, til beste for norsk landbruk og matproduksjon, seier styreleiar Aslak Snarteland.
Det har gjennom prosessen vore tett og god dialog med ordførar Beate Marie Dahl Eide og kommuneoverlege Kine Jordbakke, som bekreftar at biletet framleis er uoversiktleg og framtida usikker tilknytt pandemien.

Ordførar Beate Marie Dahl Eide stør Dyrsku’n si avgjerd. Med eit så omfattande arrangement som Dyrsku’n måtte avgjerda fattast no, og eg meiner dette er den rette avgjerda på noverande tidspunkt for Dyrsku’n og Seljord. Det er trist for dei svært mange som har både glede og nytte av arrangementet at det ikkje blir Dyrsku i år, og dette vil bli eit stort sakn. Ringverknadene tilknytt Dyrsku’n er enorme innan både handel, reiseliv og for lag og foreningar.

Avlysinga påverkar heile Seljordsamfunnet, og vi har fleire arbeidsplassar som er heilt avhengig av inntekter i samband med Dyrsku’n, seier ordførar Beate Marie Dahl Eide.
Det er svært leit at tradisjonsrike Dyrsku’n må avlysast for andre år på rad, og at vi ikkje kan møtast til politiske diskusjonar, spennande lokalmat, husdyr, husflid, handel, tivoli og rotekte opplevingar, men slik vart det diverre også i 2021.

Vi har lagt ned eit stort arbeid gjennom det siste året i forhold til diverse smitteverntiltak, og vi er svært takksame ovanfor både gjester, utstillarar og andre samarbeidspartnarar som har vist oss både støtte, forståing og tolmod gjennom denne krevjande tida.

Vi må likevel rette blikket framover og no startar arbeidet med Dyrsku’n 2022 og nye 150 år. Dyrsku’n med sine tradisjonar tilbake til 1866, har store ambisjonar for tida framover og vi gler oss til vi kan treffast igjen til gode opplevingar på Dyrskuplassen.

• Dyrsku’n er Noregs største møteplass for handel, landbruk, mat, husflid og kultur.
• Dyrsku’n vart fyrste gong arrangert i 1866, og har årleg vore arrangera i ei ubroten rekke, med unntak av 2020.
• Over 800 utstillarar og over 2000 vakter er involvert i arrangementet, i tillegg til ei rekke selskap og organisasjonar som bidreg sterkt til gjennomføringa.
• Under arrangementet vert det omset varer for over 500 millionar kr. innan mange ulike bransjar
• Kring 90 000 besøker arrangementet årleg.
• Eit stort antal skular besøker årleg dei ulike læringsarenaene på messa.
• Bredt program innan politikk og foredrag
• Nordens største tivoli
• Kåringar og utstillingar innan husflid, mat og husdyr
• Dyrsku’n 2022 er 9.-11.september
• Dyrsku’n blir arrangera på Dyrskuplassen i Seljord, 2 timar frå Oslo.

Kilde: Pressemelding

Kommenter artikkelen
Tips redaksjonen
Anbefalte artikler

Send til en kollega

0.08