Samferdselsbudsjettet: 80 milliardar kroner til betre samferdsel over heile landet

Skulle tro det var valgkamp?

<b>PÅ STIVE DEKK:</b> Med bilene på veiene, kom også trafikk­ulykkene. Her ser vi rush­trafikken langs riksvei 50 i 1938.
PÅ STIVE DEKK: Med bilene på veiene, kom også trafikk­ulykkene. Her ser vi rush­trafikken langs riksvei 50 i 1938. Foto: Arkiv på Klikk
Publisert

TRANSPORTPOLITIKK: Det stunder mot nytt budsjettår, og regjeringen må som alle andre legge pengeplaner.

Merk at 80 milliarder til samferdsel inkluderer altså langt mer enn bare veitransport. Dette er veirelevante utdrag fra en pressemelding fra Hareide som nettopp kom inn:

"Regjeringa foreslår å løyve om lag 80 milliardar kroner til samferdselsformål i 2021. Dette er ein auke på nær 8 prosent samanlikna med budsjettet som blei vedtatt for 2020, det vil seie før Stortinget i fleire omgangar har løyvd midlar til samferdselstiltak på statsbudsjettet for 2020 som følgje av koronapandemien.

Regjeringa foreslår å løyve drygt 36 milliardar kroner til vegformål i 2021. – Anleggsarbeida vil skape fleire jobbar og dermed sikre at vi har fleire bein å stå på, seier samferdselsministeren.

Regjeringa foreslår også å løyve midlar til førebuande arbeid og eventuell anleggsstart på fleire riksvegstrekningar i 2021:

  • E18 Lysaker-Ramstadsletta,
  • riksveg 4 Roa-Gran grense,
  • E39 Myrmel-Lunde,
  • E39 Lønset-Hjelset
  • krabbefelt på E39 Ørskogfjellet.

I tillegg kan følgjande prosjekt i Nye Veier sin portefølje få oppstart: E6 Kvænangsfjellet, E6 Kvithammer-Åsen, E6 Ulsberg-Vindåsliene, E6 Moelv-Roterud, E6 Roterud-Storhove, E6 Storhove-Øyer og E39 Herdal-Røyskår.

Regjeringa følgjer òg opp bompengeavtalen frå 2019, og foreslår å setje av over 1,4 milliardar kroner for å redusere bompengane i fleire prosjekt.

Fylkeskommunane har ansvaret for fylkesvegane, men fylkesvegar med særleg stor næringstransport er av nasjonal interesse. Difor foreslår regjeringa òg i 2021 å løyve 100 millionar kroner til tilskotsordninga til fylkesvegar som er viktige for næringstransporten.

Og: For fyrste gong foreslår vi over 30 milliardar kroner til jernbaneformål, seier samferdselsministeren.

Grøn framtid i byområda Regjeringa foreslår å løyve 6,5 milliardar kroner til byvekstavtalar og belønningsavtalar i 2021.

Dei statlege midlane skal mellom anna vere med å finansiere Fornebubanen i Oslo og Viken, Bybanen i Bergen, Metrobussen i Trondheim og Bussveien på Nord-Jæren. 500 millionar kroner er sett av til å følgje opp belønningsavtalar i Kristiansand, Buskerudbyen, Nedre Glomma og Tromsø - inkludert tilskot til reduserte billettprisar på kollektivtransport.

Foreslår å vidareføre støtteordning for kommersielle ekspressbussar Ekspressbussane og andre kollektivruter som er drivne på kommersielt grunnlag, har på same måte som annan kollektivtransport blitt ramma av ein vesentleg nedgang i billettinntektene på grunn av smitteverntiltaka som er innførte etter virusutbrotet.

Som ein konsekvens av dette, løyvde Stortinget tidlegare i år 100 millionar kroner til kommersielle buss- og båtruter i 2020. Det er framleis usikkert korleis virussituasjonen og smitteverntiltak vil vere til neste år.

Regjeringa foreslår difor å vidareføre ordninga med 100 millionar kroner i 2021."