retro

Med Bergensbanen kom anleggsbrakkane

Arbeidarane ved norske jernbaneanlegg var fattigfolk som ikkje var vande med å fremje krav. Dette endra seg med Bergensbanen, då agitatorer kom frå hovudstaden for å organisere dei i fagforeiningar.

Kleven brakke. Året var 1896.
Kleven brakke. Året var 1896. Foto: Norsk jernbanemuseums samling
Publisert Oppdatert

Bjørg Eva Aasen, Norsk Jernbanemuseum

Det vart halde agitasjonsmøter i forsamlingshuset «Myrhallen» rett nedafor Myrdal stasjon, eit hus som i dag er freda. Agitatoren Hans Berntsen kom frå hovudstaden og danna eit av dei første laga av Norske veg- og jernbanearbeidarforbund. Det vart skipa og heldt sitt første landsmøte i april i 1895 og kom med ei rekkje krav om betring av arbeidstilhøva som 8-timars arbeidsdag, minimumslønn, sjukepengar, ulykkesforsikring og arbeidsbrakkar.

«Aldeles paakrævet»

Krava vart teke til følge og Stortingsvedtaket blei fatta same år etter innstilling og vedtak av «Komiteen for sociale Spørgsmaal angaaende Andragende fra Vei- og Jernbanarbeidere om Forbedring i deres Kaar.»

Veg- og jernbanearbeidarane sitt krav var: «Staten bygger tilstrækkelige og ordentlige Barakker ved Anlæggene» og grundgjevinga var «… saa Arbeiderne ikke faar sin Arbeidsdag forlænget et Par Timer ved altfor lange Veie, er en aldeles paakrævet Foranstaltning. Disse bør opføres saa forsvarlige og tidsmæssige, at Arbeidernes Sundhed ikke ødelægges og deres Sædelighedsfølelse gaar tabt.»

Papp på innsida

I samband med bygging av Bergensbanens høgfjellstrekning blei det bygd mange flyttbare brakker av den typen som blei teikna av jernbaneingeniør Harald Skavlan i 1901. Han overtok som leiar av anlegget vestfrå i 1897 etter jernbaneingeniør Torbjørn Lekve. Om lag 30 slike brakker var i bruk mellom Geilo og Upsete og overskrifta på teikninga fortel at dei skulle vere provisoriske, men dei blei brukt under heile anleggsperioden. Dei blei flytta med langs anlegget ettersom anleggsarbeidet gjekk fram.

Flyttinga føregjekk med hest og sledar på snøen. Korleis sundhed og sædelighedsfølelse skulle kunne betras ved disse brakkane er for oss i dag eit ope spørsmål, dei var ikkje isolerte anna enn med papp på innsida av plankeveggane og arbeidskleda blei vaska og tørka i same rom som dei sov og åt.

Skramleorkester

Mangel på isolasjon må ha vore særs merkbar, men fattigfolk var vel vande med å fryse. I beretninga frå anleggstids finn ein lite klagar over det vi i dag kallar inneklima. Derimot er det fleire anleggsarbeidarer som nemner at vinden gjorde at kjørel som hang med frå taket lydde som eit heilt skramleorkester. I mannskapsrommet bodde det 12 mann, dei sov to i kvar seng om det ikkje var nattskift. Kokka hadde sitt eige rom, «kneppen», som ho delte med kokkejenta.

I tillegg var det eit lite spiskammers. Ein formann blei av arbeidarane valgt til brakkesjef. Det var han som hyra inn kokka, ho kunne vere kona hans eller kona til ein av arbeidarane. Anlegget kunne ellers skaffe ei kokke frå eit festekontor i Bergen eller Kristiania. Brakkesjefen var ansvarleg for orden i brakka, men det var ikkje alltid lett å halde styr på alt og alle.

Lik arbeidsreise

Det var likevel ikkje sjølve botilhøva som var grunnen til kravet om brakkar, men at brakkane gjorde at alle på arbeidslaget fekk like lang eller kort veg til sjølve arbeidsplassen. Det vanlege hadde vore at anleggsarbeidarane leigde seg inn hjå bønder og ander langs anlegga, men på Bergensbanens høgfjellstrekning budde det ingen.

Stortingsinnstillinga tek derfor eit førehald med brakkebygginga; «det må avhenge av de lokale forhold.»

Kontraktør i villa

Og dei lokale forholda på Bergensbanen var særeigne. Vinterstid føregjekk tunneldriving i den over fem kilometer lange Gravhalsen og fleire brakkar blei plassert i nærleiken av tunnelinnslaga ved Upsete og Myrdal. Drivinga av denne tunnelen byrja i 1895, gjennomslaget kom i 1902 og den opna i 1907.

Brakkane her låg tett opp mot tunnelinnslaga og dei var av ein annan type enn dei provisoriske. På Upsete på vestsida av Gravhalsen låg det fleire hus for nøkkelpersonane i NSB og kontraktøren sjølv, Kristian H. Hornemann, budde i en villa her med huslyden sine.

I brakkane budde anleggsarbeidarer og handverkarer tilsette hjå kontraktøren. På austsida voks det fram eit heilt samfunn på Myrdal og her står framleis ein god del av dei store brakkane igjen, men ingen av dei provisoriske. Etter at Bergensbanen åpna i 1909, blei dei fleste av dei provisoriske brakkane nytta som fritidshus. Langs Rallarvegen kan du framleis sjå nokre av dei som er ombygd til hytter eller er uthus ved hytter.