Dyrsku’n er Avlyst

For første gang siden 1866 blir det ikke arrangert Dyrsku’n.

Dyrskun samler opp mot 90.000 mennesker hvert år, det vil medføre fare for større smitteutbrudd.
Dyrskun samler opp mot 90.000 mennesker hvert år, det vil medføre fare for større smitteutbrudd. Foto: Fredrik Saugstad
Sist oppdatert

Medling fra Dyrsku’n Arrangement:

Nasjonale myndigheiter ved regjeringa opplyste på pressekonferansen 28.5.2020 at dei for store arrangement vidarefører gjeldande smitteverntiltak tilknytt Covid-19 ut året. Framleis gjeld forskriftsforbodet mot store arrangement, og med dette er årets Dyrsku’n 11.-13. september avlyst.

Det blir fyrste gong Dyrsku’n, som har vore arrangert ei ubroten rekke sidan 1866, ikkje skal gå av stabelen.

Det er sjølvsagt med særs tungt hjarte vi har mottatt denne meldinga. Vi har håpa i det lengste på eit anna utfall, men situasjonen Noreg og verda er i gjer at ekstraordinære omsyn må takast og tiltaka som er iverksett umogleggjer dessverre vårt arrangement. I ein slik situasjon er det klart omsyn til liv og helse må gå fyrst.

Regjeringa fastheldt på pressekonferansen 28.5.2020 at større arrangement kan medføre store smitteutbrot og derfor vil ei samling med 90 000 gjester under Dyrsku’n utgjere ein for stor risiko.

Sjølv om situasjonen kan sjå både betre eller verre ut når det gjeld smittespreiinga av Covid-19 når vi kjem til september, gjer gjeldande forskriftsreglar og krav om smitteverntiltak for arrangement gjeldande for heile 2020, det uforsvarleg og umogleg å arrangere Dyrsku’n i 2020.

Taper 70 millioner kroner

Samtlege arrangement er dermed innstilt i 2020 og omsetjingstapet for Dyrskuplassen vil bli kring 70 millionar kroner, noko som gjer situasjonen særs utfordrande. Vi håpar sjølvsagt på langt betre kompensasjons-ordningar og støtte frå staten enn kva som ligg føre no.

Det er både trist og surrealistisk å skulle avlyse Dyrsku’n, men vi tar naturlegvis vår del av samfunnsansvaret og rettar no blikket mot 2021.

Denne saken ble første gang publisert 02/06 2020, og sist oppdatert 03/06 2020