23948sdkhjf

retro: Utbygging på naturens nåde

I åra 1964-67 bygde AS Tyssefaldene ut kraftverket Tysso II. Prosjektet var avhengig av omfattande bruk av taubanar og helikopter, noko som var krevjande i barskt vestlandsklima.

KNUT MARKHUS, KRAFTMUSEET:

Frå tidleg på 1900-talet hadde innbyggarane i Odda fått levert 25Hz til heimane sine frå Tysso I-kraftverket. Dei sakte svingingane gjorde at folk som kom på besøk hit oppfatta det som om lyset blinka. Folk sa at Tyssefaldene leverte straumen klumpevis, eller at det lyste annankvar gong. Då Tysso II køyrde ut straum frå 1967, var det med 50 Hz. Folk sa at no fekk dei roleg straum, og dei kunne kjøpa normale, moderne vaskemaskiner.

Storskala pionerarbeid

Anlegget var stort etter den tids målestokk, og låg i høgfjellet i vestkanten av Hardangervidda. Tysso II-prosjektet skulle ha tak i vatnet i eit nedslagsfelt som dekker 278 kvadratkilometer ca. 1400 meter over havet, med kring 540 millionar kubikkmeter vatn. Dei formidable Tyssestrengene og Ringedalsfossen, begge med over 300 meter fritt fall, blei lagde i røyr.

Saman med fossane vart elver og vatn leia inn i eit 17,5 kilometer langt tunellsystem som enda i to vertikale Pelton-turbinar i kraftstasjonen 450 meter inne i fjellet i Skjeggedal, om lag ti meter under normal vasstand i Ringedalsdammen. Tunellsystemet var bygd etter eit takrenneprinsipp der mindre vassdrag og bekkar vart førde inn i tunellen for hovudvassdraget på ulike stader på vegen ned mot kraftstasjonen. Dette hadde ikkje vore gjort i Norge før, og det fanst berre eitt liknande tilfelle i heile verda.

Krevande naturvern

Tyssefaldene hadde fått konsesjon for utbygginga av øvre del av Tyssovassdraget alt i 1928. Vilkåra var at utbygginga måtte vera i gang innan fem år. Kvart femte år måtte Tyssefaldene søkja om utsetting. Planane for utbygging var ikkje ferdig før midt på 1950-talet. Entreprenørfirmaet Høyer-Ellefsen var gode på prosjektstyring, og fekk hovudentreprisen.

Tysso II hadde klausul i anleggsdokumenta om at det ikkje skulle byggjast vegar i høgfjellet eller over tregrensa. Dette er eit tidleg teikn på at naturverninteresser gjer seg gjeldande i norsk kraftutbygging. Taubanar, helikopter og beltevogner på snø var hovudtransportforma i anlegget.

Under anleggstida var det ofte vanskelege forhold, og dramatiske situasjonar oppstod både i høgfjellet og på vegane inn til Ringedal. Ein gong tok snøskreda ein lastebil på vegen langs Ringedalsvatnet. På mirakuløst vis fekk sjåføren berga seg ut i siste liten, men bilen forsvann og blei totalvrak. Eit anna uhell skjedde då dei tippa stein i juvet nedanfor vatnet. Ein stor stein hang seg fast og tok med bilen. Også då berga sjåføren seg ut på hengande håret.

Utfordrande transport

I eit intervju Kraftmuseet gjorde i 2008 med veteranane Hjalmar Solem og Torstein Standal, fortel dei om gjennomføringa av prosjektet. Solem var prosjektansvarleg på Høyer-Ellefsen sitt hovudkontor i Oslo, og Standal var anleggssjef, busett i Tyssedal. 1960-åra var travle tider for kraftutbyggjarane. Solem fortel at han i periodar hadde hovudansvar for fire anlegg samstundes, og tok sjøfly rundt for å rekkja innom fleire på ein dag. Viktige avgjerder måtte avklarast raskt og etter synfaring på staden.

Transporten innover Ringedalen til taubane-stasjonane var planlagt gjennomført på isen, men i praksis var dette uråd. Resolutt blei det bestemt å byggja veg langs Ringedalsdammen, og denne stod ferdig på rekordtid.

Å få på plass taubanane var òg utfordrande. «Det var å få bestilt taubanar, det var jo mange taubanar som skulle til her. Me måtte måla opp traseane så me fekk ein taubaneprofil og kunne bestilla kablane så fort som mogleg. Dei måtte ikkje vera ein meter for korte», fortel Solem. Seinare i prosjektet blei det òg bygd gondolbane inst i Ringedalen.

Skapte frustrasjon

Ved Ringedalsfossen var det helikopterbase. Dei største helikoptera kunne ta tre tonn, men lunefullt vær skapte betydelege problem, fortel Solem: «Då me dreiv med helikoptertransporten på det hardaste, hende det at det låg eit tåketeppe omtrent midtvegs oppe i fjellet over Ringedalsvatnet».

Forseinkingane skapte frustrasjon hjå dei som venta på leveranse. Ein gong då tåka hadde stått stille i fleire dagar, fekk formannen for transport nok. Han heldt til i anleggsområdet oppe i fjellet. Standal fortel: «Ja, plutseleg dukka han Petter opp på helikopterplassen, og brukte ein forferdeleg kjeft. Då hadde han gått ned her, og så hadde han rodd over til oss.» Det var nemleg nydeleg vær oppi høgdene, men tåkelaget i fjellsida stoppa like fordømt helikoptertransporten.

Å få opp kraftlinjene var AS Tyssefaldene si oppgåve, og kraftselskapet tok i bruk ein annan metode for transport. «Dei brukte veldig lite helikopter på kraftlinjene. Dei transporterte rett og slett linjene med hest», fortel Standal.

Taubanedrama

Gondolbanen som kom i 1965 var sertifisert for seks personar. Men taubanane var ikkje godkjende for persontransport i starten. Ved nokre akutte situasjonar måtte ein oversjå dette. Hausten 1964 sklei ein frå kokkelaget uti elva ved Langevatn. Han kunne ikkje reddast, og drukna. Men i desember same året blei taubanen avgjerande, etter ei ulukke i ei lukesjakt. «Du må gjera kva du kan for å få ein lege opp», var meldinga Torstein Standal fekk på telefon frå fjellet. Han ringde straks legen. «Eg spurte om han kunne tenkja seg å bli med. Og eg sa til han at me har ingen taubane som er godkjent for persontransport, men blir du med så skal me gjera så godt me kan. Og han blei med.» Dei kom seg opp med taubanen, og ned igjen med den skadde – som overlevde.

Eit fatalt uhell hende då dei ved eit høve hadde både folk og last om bord på eine taubanen. Vaggen tippa rundt i bratthenget, og mannen som sat bakarst fall utfor og omkom. «Etter den ulukka der var det me fekk godkjent alle taubanane for persontransport. Men vilkåret var at det ikkje skulle fraktast last saman med folk», fortel Standal.

Det var krevjande forhold, drama og uhell. Men det store prosjektet kom i mål, og gav stor samfunnsnytte. Kraftressursane i Tysso II var svært viktige for ekspansjonen i industrien i Odda og Tyssedal. Indirekte fekk utbygginga stor innverknad på samfunns- og folketalsutviklinga. Og Tysso II leverte ikkje berre lokalt. Anlegget blei heilt frå starten knytt til sentralnettet, systemet av kraftlinjer som etter kvart batt heile landet saman.

Tysso II

* Tysso II blei bygd i Tyssedalsfjellet 1964-67, og er det tredje større kraftverket til AS Tyssefaldene.

* Tysso I nede ved Hardangerfjorden, blei bygt i perioden 1906-1918. Mågeli kraftverk kom i 1956. Tysso II er framleis i full drift.

* Utbyggingsområdet ligg i fjellet aust for industristaden Tyssedal i Skjeggedal/Ringedal og høgfjellet vest på Hardangervidda. Turen til den vidgjetne Trolltunga går gjennom dette området.

Kommenter artikkelen
Anbefalte artikler

Nyhetsbrev

Send til en kollega

0.14