23948sdkhjf

Julegavetips for veifolk:"Frå Trollstigen til Djevelens veranda"

Skribent og forfatter Halvor Folgerø var sist i fokus med boken med den nøkterne tittelen "Vestlandsveger". Nå ved inngangen til julegavesesongen knaller han til med litt mer tabloide "... Djevelens veranda". Les også et utdrag her.

TUNG KULTUR: Den nyeste boken fra Folgerø, som vel kan kalles nummer to i serien om ville vestlandsveier, kommer i salg denne uken.

Med tittelen «Frå Trollstigen til Djevelens veranda» lover forfatteren 12 rikt illustrerte historier. Steder og strekninger man kan glede seg til er blant annet:

  • Lærdal
  • Gyadalen
  • Brattlandsdalen
  • Øystese-Granvin
  • Austefjordvegen i Volda
  • Dale- Eidslandet
  • Innfjorden-Veblungsnes
  • Dollarvegen mellom Sauda og Ropeid
  • Gamle Haukelivegen
  • Sognefjellet
  • Trollstigen
  • Aursjøvegen.

I skryteteksten lover forlaget (samlaget.no) både morsomme historier, dramatikk og tragiske hendelser. TransportMagasinet har etter tillatelse gjengitt denne smakebiten:

"Vegane i og rundt Lærdal ber på mange historier. Dramatikk har det ikkje mangla på, men som regel enda det godt. Likevel er det få historier som kan skilte med så happy ending som den du no er i ferd med å lese. Særleg med tanke på korleis det kunne ha gått.

Ein vinterdag på slutten av 80-talet er Erling Eikeberg frå Leikanger på veg til Tyskland med semitrailer. I lasta ligg bilfelgar frå Fundo i Høyanger, og i passasjersetet sit ei jente han kjenner. Jenta er høggravid, men det er ikkje Erling som er faren. Terminen er først om tre veker, og jenta har avtalt å sitte på med han til Oslo.

Det første varselet får dei på ferja mellom Kaupanger og Refsnes. Jenta føler seg litt rar, og går på toalettet.

– Sannsynlegvis var det vatnet som gjekk, men det visste vi ikkje då, seier Erling på telefon frå vogntoget sitt, ein stad i Nord-Norge.

Snart ber det oppover Lærdal på den gamle krunglete vegen. Jo lengre opp dei kjem, jo verre blir føret. Og jo meir uroleg blir jenta. Ved Borlaug tar dei fatt på svingane oppover mot Hemsedalsfjellet. Så skjer det. Her set riene inn for fullt.

Dette var før vegen var utbetra. Med grusveg og tronge svingar, ville Erling under normale omstende stoppa og lagt på kjettingar, men forfjamsa som han er, tenker han ikkje på det. Det skal komme til å straffe seg. Vegen er såpeglatt, og eit stykke oppi bakkane blir det full stopp.

Forløsning

Jenta har det vondt og jamrar seg. Heldigvis klarer Erling via walkie-talkie å få tak i mannen som har ansvaret for å strø vegen. «No får du komma og hjelpa meg i ein helvetes fart, eg har ei dame som ligg og før baki køya!»

Strøaren er heldigvis ikkje langt unna. Så fort han har gjort jobben sin, får hjula feste og Erling kjem seg opp bakkane til Breistølen. Der får han endeleg snudd den store bilen, og kan sette kursen nedover att.

– Det har vel aldri vore strødd så grundig opp dei bakkane nokon gong, seier han i dag.

No hastar det. Riene er i full gang og Erling køyrer så fort han torer. Håpet er å rekke ned att til sjukehuset i Lærdal, men han skjønar fort at det ikkje vil gå. På telefon får han kontakt med sjukehuset, og forklarer ei vantru jordmor kva som er i ferd med å skje.

– Då eg kom til den gamle bensinstasjonen på Borlaug var heile hovudet ute. Då var det berre ein ting å gjere, fortel han.

Erling slenger telefonen frå seg og vrenger bilen inn til sida.

Dei fleste ville vore livredde inn til det handlingslamma i ein slik situasjon. Men Erling hadde eit stort fortrinn. Før han blei trailersjåfør, var planen å bli sjukepleiar. Difor hadde han tidlegare jobba som praktikant på sjukehuset i Lærdal. I praksistida hadde han vore borti både fødslar og keisarsnitt.

Lukkeleg slutt

Erling skrur varmen i førarhytta på fullt, og finn fram ein stabel med reine handdukar han har liggjande. Snart er heile guten ute. Med handdukane pakkar Erling den nyfødde inn så godt han kan, og gjer det same med mora. På telefonen får han råd og vink frå fødestova i Lærdal.

– Eg spurte om det var nødvendig å klippe navlestrengen, men det hasta ikkje så voldsomt, fekk eg beskjed om.

No er det berre å vente til ambulansen kjem med lege. Saman får dei lagt mor og barn på ei båre, og så ber det omsider til sjukehuset. Der står trygge og meir erfarne hender klare til å ta over. Erling Eikeberg kan tørke sveitten og puste letta ut.

Når pulsen har roa seg, kan han igjen sette kursen mot Tyskland. Trailersjåførar opplever mykje langs vegane. Men fødslar i førarhytta er likevel sjeldan kost."

Opphav og kilder: PR fra Samlaget

KLIKK for alle artikler i TransportMagasinet PLUSS.

Kommenter artikkelen
Anbefalte artikler

Nyhetsbrev

Send til en kollega

0.125