23948sdkhjf

retro - fast spalte i anleggsmagasinet: Han sprang til skjeringa før han stupte død

Bygginga av Bjølvo kraftverk var eit halsbrekkande pionerprosjekt. Netto fallhøgd var på over 800 meter, meir enn det doble av anlegga i Tyssedal og på Rjukan. Bjølvo vart til med livet som innsats.

KNUT MARKHUS, NORSK VASSKRAFT- OG INDUSTRIARBEIDERMUSEUM

Rasmus Sandvik var ein av dei såkalla «flisegutane» i kraftverksbygginga i Ålvik. I minneboka si fortel han dramatisk om då han var med på storverket, som transformerte den vesle grenda. Han kom til Ålvik i januar 1916, nitten år gammal. Rundt 100 mann arbeidde med å bygga tomta til kraftstasjonen, leggja røyrgata og slå ein tunnel oppe i fjellet.

Faste steinskreder

Flisegutane var assistentar i arbeidet med stikking og nivellering av røyrgata. Rasmus fortel: «Me budde i brakke 5, godt halvvegs oppe i lia. Nedanfor skulle røyrgata gå i ei stor fjellskjering. Ovanfor gjekk ho i stigort, ein tunell som går oppover.»

Om lag 30-40 mann budde i brakka, som hadde både kokke og brakkesjef. Arbeidsfolket låg i små, smale seksmannsrom med to køyer i høgda.

«Eg kan ikkje seia at eg likte meg, korkje med brakkelivet eller med arbeidet. Mykje av arbeidet vårt var inne i stigorta. Den gjekk bratt oppover, og kvar gong dei skaut ei salve oppe i øvste enden, rasa steinskreda nedover og reiv ofte med seg både retnings- og høgdemerke.»

Å slå engelskmann

Det var krevjande arbeid for flisegutane. Høgdemerka var det minst vanskelege, dei vart bora hol for i tunellveggen. Men retningane måtte borast inn i tunelltaket, fortel Rasmus:

Ein måtte slå engelskmann som det vart kalla: Å halda boren over hovudet og slå oppover med feiselen. Mest røynte det på venstrearmen og handa som heldt boren. Eg hugsar enno kor eg bala for å få til hol på 3-4 cm, der sette eg inn ein trepropp med spikar i, til feste for retningssnora. Det hende at me fekk ein av arbeidarane til å gjera det arbeidet, han slo holet på kort tid. Men helst måtte me gjera det sjølve.

Redde for ladden

Det vart verre å arbeida etter kvart som karane sprengde seg oppover, og særleg etter at dei tok til med maskinboring. Kompressoren stod utanfor tunellopninga, og så gjekk det røyr med trykkluft til boremaskinene. Det gjekk også røyr med trykkluft til viftene som skulle blåsa ut dynamittrøyken, «ladden». Men desse røyra låg nede i botnen og vart ofte skadde av steinskredene og virka ikkje. Då stod ladden tjukk som skodde i øvste enden.

Var viftene i ustand etter steinsprenginga, hende det at neste skift nekta å gå inn før det var ordna. Dette vart godteke av oppsynsmann og ingeniør, alle var redde for ladden. Dei einaste det ikkje gjaldt for var oppsynsmann og flisegutane... Me måtte inn og ordna med merka om ladden var aldri så tjukk.

Skamslegen av stein

Ein annan fare var lause steinar i tunelltaket. Det losna stadig, men til alt hell vart ikkje folk trefte.

Minst like risikabelt var det i henget nedanfor, der det var så bratt at flisegutane måtte henga i tau når dei skulle setja opp merka. Fleire gonger måtte Rasmus slenga seg til sides då stein kom rasande. «Me klarte oss, men ein flisegut som kom etter oss vart skamslegen av ein slik stein. Han fekk store skader i hovudet og vart funksjonshemma dei åra han levde etterpå.»

Den første dødsulukka

Frampå våren flytta flisegutane frå brakke 5 til brakke 7 som låg lenger oppe på fjellet. Det var trivelegare der, og mindre folk på brakka. Men det var i dette området dei styggaste ulukkene hende i Rasmus si tid:

Eit lag arbeidde i ei fjellskjering ca. 100 m ovanfor brakka. Dei hadde vore nede i brakka til middag og var nett byrja arbeidet. Dei skulle til å skyta, ein av karane tok dynamitten og gjekk bort i smia som låg ca. 50 m frå skjeringa og skulle tina den opp. Dynamitten vart alltid tina i varmt vatn, så han tok eit spann som stod der. Det låg noko is i botnen og han fylte det med snø og sette det i avlen. Ei lita stund etter kom eksplosjonen. Han som hadde stelt med dynamitten fekk ein stein gjennom bringa men klarte likevel springa bort til skjeringa før han stupte død ned. Ein annan som var i smia nett då fekk splintar av spannet i andlet og kropp.

Så gjekk ein til

Flisegutane var i smia, og sprang oppover då dei høyrde smellen. Dei møtte fire karar som kom berande med han som var skadd. Den døde låg att. Dei fekk plassert den skadde oppi taubana, som frakta han ned til bygda der doktor tok i mot og sende han til Bergen med båten. Han kom frå det utan varige skader, anna enn stygge arr i ansiktet.

Men så hende det igjen, denne gongen i tunellen inn til fordelingsbassenget på toppen:

Dei skulle skyta ei salve, karane hadde gått ut og stod utanfor tunnelen. Det gjekk lenge før det small, ein av karane meinte det måtte vera feil med lunta og gjekk inn i tunellen for å sjå etter. Då kom det fyrste skotet. Ein av dei andre sprang inn og reiv dei brennande luntene ut or dei andre hola. Han som hadde gått inn først, låg der død.

Nesten hundre års teneste

Det var vante arbeidarar som mista livet, og ulukkene gjorde djupt inntrykk på alle som arbeidde i fjellet – «ikkje minst på oss unggutane», fortel Rasmus. «Det gjorde vel og sitt til at eg slutta i førstninga av juni. Den direkte årsaka var elles storstreiken då alt arbeid stogga både ved Bjølvefossen og andre anlegg.»

Bjølvo kraftverk stod ferdig i 1918, og gav straum til fabrikken Bjølvefossen og samfunnet rundt fram til 2004. Då tok Statkraft sin nye kraftstasjon inne i fjellet over. Det gamle anlegget vart midlertidig freda, men i 2016 starta rivinga etter at vernet vart oppheva. Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum fekk i oppgåve å dokumentera anlegget før det forsvann. Rasmus Sandvik sine skildringar var noko av det som dukka opp i dette arbeidet.

Denne saken kunne du ha lest for lenge siden i AnleggsMagasinet. Abonnement får du her.

Fakta

Industristaden Ålvik ligg i Kvam herad i Hardanger. Elkem Bjølvefossen er hjørnesteinsbedrift, og får kraft frå Bjølvo kraftverk. Rasmus Sandvik (1897-1980) kom frå Kinsarvik, og vart seinare lærar i Rogaland.

Kommenter artikkelen
Anbefalte artikler

Nyhetsbrev

Send til en kollega

0.1